Jemen går ei usikker framtid i møte

Presidenten og regjeringa valde torsdag førre veke å gå etter at opprørsstyrkar frå houthiane tok presidentpalasset.

 

Houthiopprørarar tok full kontroll over hovudstaden Sana'a førre veke. Kjelde: ai@ce
Houthiopprørarar tok full kontroll over hovudstaden Sana’a førre veke. Kjelde: ai@ce

Den politiske og militære situasjonen har lenge vore svært usikker i det vesle landet heilt ytst på den arabiske halvøya. Gjennom fjoråret har president Abdrauh Mansur Hadi litt etter litt mista kontroll over eit større og større geografisk område. Sidan september har houthiopprørarar kontrollert store delar av landet. Tidleg førre veke vart det klart at den militære og politiske krisa i landet nærma seg sitt klimaks etter at houthiopprørarar først kidnappa presidenten sin stabssjef laurdag, og deretter storma både presidenten sin heim og presidentpalasset tysdag. Opprørarane var kritisk til grunnlova, og etter først å ha forhandla med opprørsstyrkane om endringar i denne bestemde både presidenten og regjeringa for å trekke seg torsdag.

 

Kven er houthiane og kva ønskjer dei

Houthiane er den sterkaste politiske og militære makta i Nord-Jemen. Dei kontrollerer i dag store delar av landet, inkludert hovudstaden. Gruppa vart oppretta på 1990-talet med røter i zaydi shia islam. Fleirtalet av befolkninga i Nord-Jemen tilhøyrer denne retninga innanfor islam. Zaydi shia er likevel ein minoritet på landsbasis, og houthiopprørarane har uttalt at dei ønskjer å gi minoritetsgrupper betre representasjon i landet si regjering. I forhandlingar med presidenten sist veke la blant anna opprørarane fram ønskjer om reform av grunnlova frå 2014 og ei endring av dei føderale områda. Det siste året har houthiane fått mange støttespelarar. Blant anna har kritikken deira av styresmaktene sitt nære samarbeid med USA gjort gruppa svært populær. I tillegg har houthiopprørarane fått breiare støtte enn det deira religiøse grunnlag skulle tilseie gjennom protestar mot kutt i subsidiar og kritikk av korrupsjon og utanlandske investeringar.

 

Store interesser står på spel

Tidlegare president Ali Abdullah Saleh, som gjekk av i 2011, står høgt på lista over mistenkte etter kuppet. Saleh har uttalt støtte til houthiopprørarane, og har i tillegg mange støttespelarar i den nasjonale hæren, som gjennom det siste året har vist seg lite villig til å kjempe mot opprørarane. No som den sittande presidenten Hadi har gått av blir det jamfør lova talsmann for parlamentet, Yahia al-Rai, som no tek over presidentembetet. Han har blant anna tette band til tidlegare president Saleh, og dette blir teke som endå eit teikn på at tidlegare president Saleh kan ha hatt ein finger med i spelet. No er det sjølvsagt ikkje sikkert at Houthiane vil følgje lova og at Yahia al-Rai blir fungerande president, og det blir difor sett som svært mogleg at houthiane sjølve tek makta og dannar ei regjering med eigne representantar.

 

Større spelerom for Al-Qaeda Yemen

Jemen har både under Saleh og Hadi vore ein sentral støttespelar for USA i deira krigføring mot terror. Blant anna har regjeringa jobba aktivt for å svekke Al-Qaedanettverket som står svært sterkt sør i landet. Jemen har blant anna tillate fleire militærbasar for amerikanske styrkar som blir brukt i dette arbeidet. Dersom houthiane sjølve skulle ta makta, vil det vere vanskeleg for USA å fortsette arbeidet i Jemen, ettersom opprørarane, til tross for sin motvilje mot Al-Qaeda, har stilt seg svært kritisk til den amerikanske innblandinga i landet. Men, uansett kven som måtte ta makta reknar ein med at terrornettverket, som også under det politiske kaoset i før Hadi si innsetjing i 2012 brukte maktvakumet til å feste grepet om store områder i sør, no skal få endå ein moglegheit til å spreie seg.

 

Regionale bekymringar

Regional tryggleik blir også trekt fram som ei viktig problemstilling, og kjelder Al-Jazera har snakka med fryktar at sterke krefter vil søkje å bruke vaktvakumet i Jemen til sin fordel. Blant anna meiner ein at nabolanda Saudi-Arabia og Iran, som begge har interesser på kvar si side av konflikten, vil kunne blande seg inn. Det sunnivennlege regimet i Saudi-Arabia støttar til dømes Hadi, og har houthiane på si liste over terrororganisasjonar. Iran på si side blir sett på som houthiane sin støttespelar. Med desse religiøse skilelinjene som bakteppe er det fare for at Jemen kan bli dregen inn i ein sekterisk borgarkrig no som ein står utan nokon ved roret. Å gjere Jemen til åstaden for religiøs krigføring, eller som ei brikke i eit stormaktsspel, vil neppe tene ei sivilbefolkning som allereie er trøytte av politisk kaos, militarisering og kronisk fattigdom.